Anna veks opp med ei dominerande og valdeleg mor, ein veik, men støttande far og ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere. Så treffer ho Jakob, og ei stund ser alt lyst ut. Dei vert kjærastar, flyttar saman, og i nokre månadar er dei «paret ein ser på gata», mysande mot sola, smilande. Men i Anna er det noko som luggar. Opplevingane melder seg som uskarpe polaroidbilete frå oppvekst på 1990-talet, bilete som trugar med å spele seg ut. Det er minne ho ikkje vil, men må oppsøke for å komme seg vidare.
Om nettene brukar mor dråpeteljar er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om frykta for at slekt vil følgje slekters gang. Det handlar om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid.” DRIVE